1 / 25

ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2013 / 2014

ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2013 / 2014. - EIN GOD STAD Å VERE, LEIKE OG LÆRE - ”Det er stort å vere liten i Vigra barnehage”. s.3 Vigra barnehage s.4 Bilete frå Vigra barnehage sett frå Tigergutt sine auge s.5 Velkomen til barnehagen frå styrar

louisa
Download Presentation

ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2013 / 2014

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2013 / 2014 - EIN GOD STAD Å VERE, LEIKE OG LÆRE - ”Det er stort å vere liten i Vigra barnehage”

  2. s.3 Vigra barnehage • s.4Biletefrå Vigra barnehage sett frå Tigergutt sine auge • s.5Velkomen til barnehagen fråstyrar • s.6 Informasjon, dokumentasjon og vurdering • s.7 Barnehagelova og rammeplan • s.8 Barn og personale Nasse Nøff og Kengu • s.9 Barn og personal Ole Brumm og Tigergutt • s.10 Samarbeid • s.11 Dagsrytme • s.12 Barnehagedagen vår • s.13 Føresetnader for ein god barnehagedag • s.14 Barnehagen min felles mål og tiltak • s.15 Hovudmål frå Rammeplan • s.16«Nysgjerrigper» • s.17«Nysgjerrigper» på Nasse Nøff • s.18«Nysgjerrigper» på Kengu • s.19 «Nysgjerrigper» på Ole Brumm • s.20 « Nysgjerrigper» på Tigergutt • s.21 Skuleførebuing • s.22 Jul og påske • s.23 Tradisjonen tro… • s.24 Kvalitetsutvikling- DIGITALE VERKTØY OG LØFT • s.25 Barnehageruta

  3. VIGRA BARNEHAGE Vigra barnehage er bygd som ein basebarnehage. Barnegruppa er delt inn i baser etter alder . Alle borna høyrer til ein fast base / avdeling i kjernetida 9.30 – 14.00, medan det er stor grad av samarbeid på tvers av basane morgon og ettermiddag. Vigra barnehage har totalt 58 born på huset dette barnehageåret. Viser forøvrig til ” Velkomstheftet” som inneheld anna generell informasjon.

  4. VELKOMEN TIL VIGRA BARNEHAGE Barnehageåret 2013/2014 er godt i gong, og på vegne av personalgruppa ynskjereg alle som einvelkomen til oss. Vi er; som alle barn og foreldre, forventningsfulle og spente på kva dette året vil bringe. 59 barn og 20 vaksne er på plass i barnehagen. Etter erfaringar med ulike gruppesamansetningar, har personalet landa på at reine aldersgrupper er det beste for alle. Det er imidlertid ikkje alltid dette «går opp». Dette året var det for få 3-åringer på søkjarlista til å danne ei rein 3-årsgruppe. Derfor er det både 2-og 3-åringar på Kengu i år. På Nasse Nøff er 1-og 2-åringar, Kengu = 2- 3-åringar, Ole Brumm = 4-åringar og Tigergutt = 5-åringar. Dette valetinneber at gruppene vert ulike i storleik, og personalressursane vert fordelt etter antal barn pr. gruppe. Organisering i 4 grupper inneber også at dagane er ulikt organisert for gruppene. Viser til oversikta over dagsrytma på side 11. Vi er nøgde med at barnegruppene ikkje er så store. Vi ser at barna har det best når dagen er forutsigbar, og deiikkje har altfor mange å forhalde seg til. Vi meiner vi har ei forsvarleg bemanning i alle gruppene, og ei stabil personalgruppe med høg kompetanse. Tidleg innsats . Vi legg vekt på å sette inn hjelp tidleg til dei barna som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging . Å sette inn hjelp i barnehagealder, er ofte med på å forebygge lærevanskar og /eller andre vanskarseinare. Vi har eit tett samarbeid med PPT. Progresjon er eit nøkkelord for personalet i Vigra barnehage. Når planer vert lagt, har vi alltid fokus på å sikre progresjon frådei yngste til dei eldste barna. Alle skal ha noko å strekkje seg etter; og erfaringar, opplevingar og utfordringar er tilpassa alder og modning. Det SKAL vereein milepæl å nå « det høgste nivået» på Tigergutt der det skjer mange spennande ting som berre er for dei største.. «Nysgjerrigper» er vårt felles fokus dette året. I dette omgrepet legg vi : Vi vil stimulere både barn og vaksne til å bli nysgjerrige på alt som skjer rundt oss i kvardagen. T.d. i naturen, ute på tur, i møtet med kvarandre; i språk og tekst, i matematiske former og eksperiment... Vi legg størst vekt på fagområdene « Tal, rom og form» og «Kommunikasjon, språk og tekst» som grunnlag/ramme for vår nysgjerrigheit. Samstundes er barns medverknad i kvardagen i barnehagen løfta fram. Dette er nært knytta til korleis vi som vaksne er i vårt samspel med barna. Ein kan ikkje arbeide med barns medverknadutan å samtidig arbeide med deivaksne si rolle. Vi har tatt konsekvensen av dette, og vil arbeide med barns medverknad og vaksenrolla parallelt. Dei vaksne er barnehagen sin viktigaste ressurs. Det er ikkje så mange konkrete temaområde som er skissert i årsplan dette året. Det heng saman med det bevisste valget vi har tatt i høve barns medverknad. Vi har lagt «romslegare» rammer som gir større rom for fleksibilitet, og for å kunne ivareta barns rett til medverknad på ein betre måte. Planene for den enkelte avdeling gir ei grei oversikt over arbeidsmåtane. I tillegg til fokusområda dette barnehageåret, skal barna også lære om brannvern, trafikk og andre tema i kortareperiodar. Sjølv om gode planer er lagt, er det til sjuande og sist alle dei små og store menneskja og korleis vi fungerer saman som avgjerkorleis dette året skal bli. Det handler om å gripe dagen og sjå muligheitene framfor begrensningane -hos kvarandre og i miljøet som heilheit. GODT BARNEHAGEÅR ! Med helsing personalet i Vigra barnehage ved styrar Ranveig BørøSzell

  5. INFORMASJON, PEDAGOGISK DOKUMENTASJON OG VURDERING Personalet legg stor vekt på å dokumentere innhaldet i barnehagen. Dokumentasjonen er i stor grad retta mot foreldre, men all dokumentasjon er også verdifull i høve kvalitetsutvikling internt. Personalet har stort fokus på å forbetre rutinar og sikre kvaliteten på tenesta. Vi nytter ulike dokumentasjons-og vurderingsverktøy både i barnegruppa og personalgruppa. Dokumentasjon bidrar til å skape refleksjon. Vidare vert prosessane i barna sine aktivitetar dokumentert og vurdert både munnleg, skriftleg og som bildedokumentasjon undervegs. Dette vert samla i ein dokumentasjonsperm på kvar avdeling. OBSERVASJONS-, DOKUMENTASJONS – OG VURDERINGSMETODAR : • Samtalar ved henting og bringing. • White-boardtavler til kvar avdeling der det kvar dag vert skrive om innhaldet i dagen. Bilete,,, frå turar, viktige hendingar og beskjeder vert presentert på tavla. • Evaluering av innhaldet i barnehagekvardagen skjer også gjennom uformelle samtalar med barna og i barnegruppa ved samlingsstund. Barnegruppa har ei aktiv rolle i høve planlegging og evaluering av aktivitetar på den enkelte avdeling. Barna sine synspunkt vert tatt med i det vidare planleggingsarbeidet. Dette er ein av fleire måter å sikre barns medverknad på. • ALLE MED – eit observasjonsskjema der den generelle utviklinga til alle barna vert registrert. Desse observasjonane er eit viktig utgangspunkt for foreldresamtalane. • TRAS – (tidleg registrering av språkutvikling) vert brukt som eit supplement til ”ALLE MED” ved behov. • HEIMESIDE. Det er oppretta ei heimeside der ulik informasjon vert lagt ut og gjort tilgjengeleg for foreldre. Livet i barnehagen vert dokumentert både med bilder og tekst på heimesida. http://www.vigra.barnehageside.no/ • Dei ulike avdelingane gir ut temaplaner og månadsplaner til foreldre. • Aktuell fellesinformasjon kjem i form av månadsbrev frå styrar. • På slutten av barnehageåret vil det bli ei intern brukarundersøking.

  6. BARNEHAGELOVA OG RAMMEPLAN Rammeplan for barnehagen er ei forskrift til barnehagelova. Denne gir retningslinjer for barnehagen sitt innhald og oppgåve. Rammeplan skisserer m.a. 7 fagområde. Barnehagen skal gi grunnleggande kunnskap innan desse 7 fagområda :

  7. BARN OG PERSONALE I VIGRA BARNEHAGE- Ranveig Børø Szell 100 % styrar -

  8. SAMARBEID

  9. DAGSRYTME VIGRA BARNEHAGE Dei dagane vi har sett opp inne ” heile” dagen til 14.00 er vi nødvendigvis ikkje inne heile dagen. Vi har t.d. høve til å gå turer i nærmijøet eller nytte uteområdet.

  10. BARNEHAGEDAGEN VÅR

  11. FØRESETNADER FOR EIN GOD BARNEHAGEDAG BARNS MEDVERKNAD Barnehagelova § 3 : ” Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barna skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.” Barns medverknad er eit fokusområde i barnehagen. Personalet har som mål å sette inn konkrete tiltak i høve barns medverknad i alle kvardagsaktivitetane. Vi har laga retningsliner for barns medverknad i høve hovudmåltidet og garderobesituasjonen. Barna medverker også i planlegging og evaluering av turdager og andre aktivitetar. Vi synleggjer dette ved å nytte ulike planleggings-og dokumentasjonsverktøy saman med barna. Vi tar omsyn til det som kjem fram under slike prosessar i vidare planlegging. Barns medverknad er ikkje berre medbestemmelse. Barns medverknad omfatter også å lære å ta omsyn til andre; tolerere og akseptere dei grensene som er sett av vaksne. Barna skal medverke i takt med sine føresetnader, og aktiv medverknad vert derfor ulikt for aldersgruppene. Det vert arbeidd parallellt med bevisstgjering av dei vaksne og deira rolle i dette arbeidet. Det handler om å ta barn på alvor og gi dei høve til å påverke sin eigen kvardag. FORHOLDET MELLOM VAKSNE OG BARN Barnehagelova § 3 : ” Barns rett til medvirkning krever kompetente voksne som har gode og oppdaterte kunnskaper om og respekt for barn! ” Barns medverknad krev vaksne som er tilstades med heile seg. Vaksne som har tid til å lytte, prate, oppmuntre, leike og skape lærelyst hos barna. God kommunikasjon mellom barna og personalet, og mellom personalet og foreldrene, er einføresetnad for sikring av barns medverknad. PERSONALET I VIGRA BARNEHAGE SKAL : • Vere aktive, engasjerte og lyttande i møte med barna. • Opptre anerkjennande og ta barna på alvor. • Ta seg tid og finne rom i kvardagen til å samtale med barna. • Oppmuntre barna til å uttrykke tankar og eigne meiningar. • Ha respekt for og ta omsyn til at barn er ulike, uttrykker seg ulikt og har ulike behov. • Ha einopen dialog med foreldre om barnet sine behov. • Reflektere over eigen praksis.

  12. - BARNEHAGEN MIN -AUGUST OG SEPTEMBERFELLES FOR HEILE BARNEHAGEN Kvar avdeling lager sin bursdagskalender og bildecollage/ bilder i garderoba der barna får sjå bilete av seg sjølv. Nokon vil lage bilete av familia og seg sjølv slik at det trygge heimefrå synast igjen i barnehagen for barna. Andre tar med bilete heimefrå som t.d. vert brukt til å lage album. Barna og foreldra skal som hovudregel bli møtt i garderoba om morgonen av personalet. ”8-vakta” har hovudansvar for å ta imot i garderoba mellom kl. 8.00 og 9.00. «8-vakta» vil hjelpe foreldre å finne avdelingspersonalet dersom det er behov for det. Før og etter denne tid er det avdelingspersonalet som tar imot i garderoba eller inne på avdelingane. Personalet skal hjelpe barna i gong med frukost eller leik. Personalet skal hjelpe barna å utforske barnehagen både inne og ute. Barna skal vite kvar ein skal gå for å finne ulike leiker, aktivitetar, garderoba, badet, andre avdelingar, kontoret o.s.v. Dei skal også lære reglane til barnehagen og nokon får til og med vere med på å utarbeide reglar  Med dette vert barna kjende med barnehagen sin. Vi gjer vårt ytterste for å gi barn og foreldre omsorg, tilhørigheit og tryggheit.

  13. HOVUDMÅL FRÅ RAMMEPLAN :

  14. «NYSGJERRIGPER» • VÅRT HOVUDFOKUS: • MED UTGANGSPUNKT I BARNS MEDVERKNAD OG FAGOMRÅDENE ER DET OMGREPET «NYSGJERRIGPER» VI HAR SAMLA OSS OM I PERSONALGRUPPA DETTE ÅRET. • MÅL: • Barns nysgjerrigheit, interesse og spørsmål skal danne grunnlag for aktivitetar og læringsprosessar. • Med dette som grunnlag, erkjenner personalet at vi må arbeide slik: • Vi må vereopne og undrande til alt som skjer rundt oss. • Vi skal ta oss tid til å stoppe opp og ta barnas perspektiv i større grad. • Vi må vere fleksible og i større grad kunne legge vekk planer til fordel for spontane innspelfrå barna. • Vi må verelyttande og merksame på kva barna uttrykkjer gjennom leik, samtalar og kvardagsaktivitetar. • Vi må legge til rette for at barna får varierte erfaringar slik at dei får grunnlag for å vere nysgjerrige og forskande på stadig nye område. • Dette vil vi arbeide med og konkretisere på personalmøter og avdelingsmøter gjennom året.

  15. «NYSGJERRIGPER» PÅ NASSE NØFF

  16. «NYSGJERRIGPER» PÅ KENGU

  17. «NYSGJERRIGPER» PÅ OLE BRUMM

  18. «NYSGJERRIGPER» PÅ TIGERGUTT

  19. Ved Vigra barnehage er vi så heldige at vi har reine aldersdelte grupper, og dermed ei rein «førskulegruppe ». Det vil seie at vi kan legge opp temaperioder, samlingar og aktivitetar etter alderstrinnet deira. I tillegg til dette vil vi legge opp til førskulegruppe der vi legg vekt på skuleretta arbeid. Det er viktig å skilje mellom skule og barnehage. I barnehagen skal vi ikkje ha undervisning slik som i skulen. I barnehagen er kvardagssituasjonane og leiken hovudarenaer for læring. På Tigergutt førebur vi barna til skulestart på denne måten: • Barna øver seg på å arbeide med ei oppgåve medan dei sit i gruppe ved bordet. • Barna øver seg på blyantgrepet. • Barna lærer ulike begrep. • Barna får kjennskap til tal, mengder og former. • Barna får kjennskap til bokstaver, bokstavlyder og skriveretning. -Barna øver på å rekke opp handa. -Barna øver seg på å vente på tur. -Barna øver seg på å lytte til dei andre barna og dei vaksne. -Barna øver seg på å vere ein god ven. -Barna øver seg på å ta omsyn til kvarandre. -Barna øver seg på å følge reglane dei har vore med på å bestemme. -Barna øver seg på å kle på seg sjølve. • Barn og vaksne følgjer med på veret for å finne ut kva klær vi treng å ha på oss når vi skal ut. Vigra barnehage har eit tett samarbeid med Vigra skule. Etter jul er det skulebesøk til 1.klassa. Alle barna får 4 skulebesøk kvar. Pedagogisk leiar på Tigergutt er i dialog med rektor og 1.klasse-lærar for å sikre ein god overgang til skulen. Rutiner for samarbeid mellom barnehage og skule er under revidering.

  20. TEMA - JUL OG PÅSKE -

  21. TRADISJONEN TRO…… • JULETRADISJONAR • Felles adventstund på avdelingane. • Lucia-tog for dei eldste barna på Vigra omsorgssenter. • Nissefest for alle. • Julebord for dei eldste. • Julegudsteneste. • Julefest for heile familien på Mjølner. • BURSDAGSSAMLING • Vi flaggar ute når bursdagsbarnet kjem. • Samling med stol, kappe og krone der barnet er i sentrum heile samlinga. • Vi synger bursdagssong. • Vi lager raketter til borna- antal år dei blir, får velge farge på rakettene. • Bursdagsbarnet får velge songar vi skal synge eller bok å lese. • ANDRE TRADISJONAR • Karneval i samband med fastelavn. • Besteforeldrekaffi. • Sommar-OL,uteaktiviteter på tvers av avdelingane med premiering og stas til alle. • Vinteraktivitetsdag; ute einsnødag. Barna vert delt inn på tvers av avdelingane og har aktivteter. • 17.mai – feiring, Vi øver til den store dagen  • Overnatting i barnehagen for Tigergutt  • Sommarfest med underhaldningfrå barnehagen og koldtbord frå foreldre for å markere at året er omme og nokon skal over i «skulekvardagen». • PÅSKETRADISJONAR • Påskegudsteneste i Valderøy kyrkje. • Påskefrukost i barnehagen for heile familien.

  22. KVALITETSUTVIKLING Personalet ved Vigra barnehage vil gjere sitt beste for å skape ein stadig betre barnehage for barn, foreldre og personale. Å utvikle kvaliteten på tenesta er ein kontinuerlig prosess som står sentralt i alt arbeid som vert gjort. Ved siden av barns medverknad og vaksenrolla, vil vi også dette barnehageåret halde fokus på bruk av av digitale verktøy i barnegruppa. For dei minste er målsettinga at dei skal bli kjent med dei tekniske hjelpemidla vi omgir oss med i kvardagen. For dei eldste vil det bli meir aktiv bruk av digitale verktøy i det daglege. Dette arbeidet vil gå parallelt med at det skal utarbeidast ei overordna plan for bruk av digitale verktøy i barnehagane i Giske. Følg med på framdrifta på månadsplaner og månadsbrev gjennom barnehageåret. Vi vil arbeide vidare med LØFT –metoden både i barnegruppa og personalgruppa. Det er eit viktig ledd i kvalitetsutviklinga å halde fast ved og vidareutvikle gode metodar. LØFT handlar om å ha fokus på det positive istaden for det negative. « Det du gir mest merksemd, får du mest av!» Vårt oppdrag er å bidra til at det einskilde barn får sjansen til å utvikle den beste versjonen av seg sjølv.

  23. BARNEHAGERUTA 2013 / 2014

More Related