1 / 45

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 - Aktiv kvar dag -

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 - Aktiv kvar dag -. Visjon. med arbeidet innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er å skape ein aktiv kvar dag ved å leggje til rette for at alle i Hordaland kan vere meir aktiv i kvardagen. Hovudmål.

wilona
Download Presentation

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 - Aktiv kvar dag -

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012- Aktiv kvar dag -

  2. Visjon med arbeidet innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er å skape ein aktiv kvar dagvedå leggje til rette forat alle i Hordaland kan vere meir aktiv i kvardagen. Hovudmål Innbyggjarane i Hordaland skal kunne vere ”aktiv kvar dag” etter eigne ynskje og føresetnader på allment tilgjengelege område i naturen og i anlegg i nærleiken av der dei bur. Aktiv kvar dag

  3. Nokre utfordringar… • Ungdom mellom 11-16 år sitter stille 40 t/uke utenom skoletid (PC, TV og lekser) (HEMIL-rapport, 2004) • Voksne bruker 4,5 t daglig på stillesittende aktiviteter i fritiden (MMI, 2005) • Halvparten av reiser under 1 km foregår med bil (TØI, 2004) • En betydelig økning i sykdommer relatert til levevaner (SHdir, 2007) • Nordmenn er blant de minst aktive i Europa (Tidsbrukerus. SSB, 2008/HETUS) • Vi er borte fra jobb 1 mnd/år på grunn av sykdom (Tidsskr Nor Lægeforen nr. 12, 2001) • Sterk sosial gradient i aktivitetsnivå (SHdir 2005, IS-1282) Aktiv kvar dag

  4. Fedmeutvikling i USA blant voksne i perioden 1990 til 2007 Aktiv kvar dag

  5. Physical activity is the crux of healthy ageing. Nowhere is the gap wider between what we know and what we do than in the area of physical activity, and nowhere is the potential payoff greater…CDC, Atlanta, 2001 (Roar Blom, Nordland fylkeskommune) Aktiv kvar dag

  6. Basert på dokumentert kunnskap • Fysisk inaktivitet betraktes som en betydelig uavhengig risikofaktor og forårsaker ca. 3,5% av sykdomsbyrden og opp til 10% av alle dødsfall i Europa. • 15-20% av risikoen for hjerte-/karsykdommer, diabetes type 2, brystkreft, endetarmskreft og beinbrudd hos eldre er forårsaket av fysisk inaktivitet • Aktivisering av inaktive individer mellom 30 og 80 år vil kunne øke livslengden med fra 2,8-7,8 år hos menn og fra 4,6-7,3 år hos kvinner. • Aktive mennesker kan forvente 8-10 flere leveår uten alvorlig sykdom sammenlignet med inaktive • I en populasjon på 10 millioner hvor 50% er for lite aktiv, vil den årlige samfunnskostnad ligge på 7,5 milliarder kroner. Aktiv kvar dag

  7. Vi legg til rette for inaktivitet… Å vere fysisk aktiv krever nå medvitne val….. Aktiv kvar dag |

  8. Dårlig tid? 30 minutes Aktiv kvar dag

  9. Sosial ulikhet i helse Den sosiale skjevheten i helse er økende Store forskjeller i helse- atferd i ulike sosio- økonomiske grupper Danner en gradient: jo høyere sosioøkonomisk status, dess bedre helse Aktiv kvar dag |

  10. Barn og unge Regelmessig fysisk aktivitet er nødvendig for normal vekst hos barn og unge, og for utvikling av funksjonelle kvaliteter Fysisk aktivitet i barne- og ungdomsårene har stor betydning for helsen også senere i livet Fedme Diabetes type II Hjerte- karsykdom Ulike kreftformer Beinskjørhet Artroser Barn som er FA har mindre psykiske problemer. Regelmessig FA fremmer barns selvaktelse(SHdir rapport, nr. 2/2000) Aktiv kvar dag |

  11. Håndbok om forebygging og behandling • Manual om bruk av FA i forebygging, behandling • og habilitering/ rehabilitering • Skrevet av – og for – helsepersonell • Norske og svenske forfattere • 47 kapitler • 37 diagnosespesifikke • 10 mer generell • Anbefalingsmanualen kommer haust 2008, i bokform (600s) og nettversjon Aktiv kvar dag |

  12. Aktivitetshåndboken – del I: Aktiv kvar dag

  13. Del II: Diagnosespesifikke kapitler Aktiv kvar dag

  14. Disposisjon for hvert diagnosekapittel • Definisjon, årsak og risikofaktorer, forekomst, prognose og behandlingsprinsipper • Effekterav fysisk aktivitet (akutte/langtid) • Indikasjoner (FA i primær-prevensjon, sek.prevensjon og behandling) • Anbefalinger • type • intensitet • frekvens • varighet • Virkningsmekanismer • Utredning • Interaksjon med legemiddelbehandling • Kontraindikasjoner • Bivirkninger • Risker • Referanser Aktiv kvar dag |

  15. Aktiv kvar dag

  16. Planstruktur 3.0 SATSINGSOMRÅDE 3.1 Partnarskap for folkehelse 3.2 Idrett 3.3 Friluftsliv 3.4 Anlegg for fysisk aktivitet Strategi Tiltak – Hordaland fylkeskommune Tiltak – regionale samarbeidspartnarar Råd til kommunane 4.0 ANLEGGSUTVIKLING 2008-2020 4.1 Handlingsprogram 2008-2012 4.2 Langtidsprogram (2020) 1.0 INNLEIING 1.1 Planprosess 1.2 Visjon 1.3 Hovudmål 1.4 Hordaland fylkeskommune si rolle 1.5 Satsingsområde 1.6 Framtidsbilete 2.0 Idrett og friluftsliv sin verdi for samfunnet 2.1 Frivillige organisasjonar 2.2 Næringsutvikling 2.3 Miljø, lokalisering og utforming Strategi Tiltak – Hordaland fylkeskommune Tiltak – regionale samarbeidspartnarar Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  17. Idrett og friluftsliv sin verdi for samfunnet2.1 Frivillige organisasjonar Mål: 1. Sikre eit godt eksistens- og samarbeidsgrunnlag med dei frivillige organisasjonane. 2. Inkludere fleire i organisert idrett og friluftsliv • frivillige organisasjonar er viktige for demokratiet • organisasjonssamfunn i endring • motivasjon for det frivillige arbeidet • ungdom og frivillig arbeid • St.meld. nr. 39 • arena for inkludering • mangfaldsåret 2008 • sosial meirverdi • Strategiar • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Tiltak – reg. samarbeidspartnarar • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  18. Strategiar i arbeidet med frivillige organisasjonar: a. Arbeide med å sikre faste økonomiske rammevilkår for regionale frivillige organisasjonar. b. Skape gode møteplassar for kompetanseheving, motivasjon og nettverksbygging. c. Stimulere regionale samarbeidspartar til å motivere enda fleire til å delta i frivillig organisasjonsarbeid (foreldre, ungdom, kvinner, innvandrarar). Tiltak – Hordaland fylkeskommune a.Auke det fylkeskommunale tilskotet til regionale frivillige organisasjonar. b. Arbeide mot sentrale mynde for å redusere etterslepet i tilskotet til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. c. Utarbeide søknads- og rapporteringsskjema relatert til fylkeskommunalt tilskot til frivillige organisasjonar. d. Arrangere møteplassar der frivillige organisasjonar kan auke kompetansen og utvikle nettverk. e. Målstyring av økonomiske midlar til inkluderande organisasjonsarbeid retta mot eldre, utviklingshemma og innan psykisk helsevern. Aktiv kvar dag

  19. Tiltak – regionale samarbeidspartnarar: • Utvikle organisasjonen for å ta vare på ulike gruppers behov med omsyn til deltaking. • Utarbeide informasjon retta mot ulike grupper for å få dei med i organisasjonen. • c. Ta ungdom med i avgjerd med omsyn til aktivitets- og anleggsutvikling. • Råd til kommunane: • Vidareføre og auke samarbeidet med lokale frivillige organisasjonar. • Gje støtte til idretts- og friluftslivsaktivitetar som har ein fleirkulturell dimensjon. • Ta ungdom med i avgjerd med omsyn til aktivitets- og anleggsutvikling i kommunen. Aktiv kvar dag

  20. Idrett og friluftsliv sin verdi for samfunnet2.2 Næringsutvikling Mål: 1. Ved tildeling av tilskot til anlegg for friluftsliv og idrett skal det også leggjast vekt på ringverknader for lokal og regional merkevarebygging, verdiskaping og næringsutvikling. 2. Arbeide for at større nasjonale og internasjonale arrangement vert lagt til regionen. 3. Hordaland skal vere mellom dei mest attraktive områda for aktiv ferie i Europa. • levedyktige lokalsamfunn • reiseliv og turisme • ringverknader • Nordsjøløypa • Nordsjøsykkelruta • Vestkystparken • private treningsstudio • Strategiar • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Tiltak – reg. samarbeidspartnarar • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  21. Attraktive stadar for busetjing og næringsetablering Hotell, Alpinanlegg, Aktiv ferie Store arrangement Turoperatørar Treningsstudio Alpinanlegg Badeland Private treningsleirar Idrett og friluftsliv Kafear, Restaurantar, Forretningar, Sportsindustrien Byggebransjen Transport (fly, buss, båt) Media Bank og forsikring Aktiv kvar dag

  22. Strategiar - næringsutvikling: a. Ved tildeling av tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv skal det også leggjast vekt på ringverknader for lokal og regional næringsutvikling. b. Skape gode møteplassar for kompetanseheving, motivasjon og nettverksbygging. c. Utvikle kompetanse, nettverk og anlegg som fyller krav til store nasjonale og internasjonale arrangement. d. Leggje til rette for og utvikle samanhengande turløyper. e. Utvikle kystturismen langs heile vestlandet. Tiltak – Hordaland fylkeskommune: a. Skipe til og vere med på relevante konferansar. b. Fylkeskommunalt arrangementstøtte til store nasjonale og internasjonale seniormeisterskap. c. Fylkeskommunalt investeringstilskot til prioriterte anlegg. d. Utarbeide køyreplan for større nasjonale og internasjonale arrangement. e. Pilotprosjekt i høve til tilrettelegging, informasjon og marknadsføring av turstiar. f. Saman med regionale partnarar avklare og utvikle felles internasjonal standard for merking og skilting. g. Gjennom Vestkystparken marknadsføre friluftsopplevingar langs vestlandskysten. h. Felles marknadsføring av attraktive område for aktiv ferie. i. Utarbeide felles strategi for korleis få store arrangement til Hordaland. Aktiv kvar dag

  23. Tiltak – regionale samarbeidspartnarar: a. Merke og skilte turløyper og aktivitetsområde med felles internasjonal standard, inklusive nivåmerking. b. Friluftsråda som deltek i Vestkystparken skal arbeide saman for å tilrettelegge og synleggjere kystfriluftsområder i Rogaland og Hordaland for turistar. c. Overføre kompetanse og nettverk mellom idrettar som ønskjer å arrangere store meisterskap. Råd til kommunane: a. Ved søknad om spelemidlar til store anlegg skal det i behovsoppgåva skildrast eventuelle næringseffektar. b. Merke og skilte turløyper med felles internasjonal standard, inklusive nivåmerking. c. Overføre kompetanse og nettverk mellom kommunar som ønskjer å vere vert for store meisterskap Aktiv kvar dag

  24. Idrett og friluftsliv sin verdi for samfunnet2.3 Miljø, lokalisering og utforming Mål: 1. Den fysiske aktiviteten skal gje minst mogleg energiforbruk og utslepp av klimagassar. 2. Anleggs- og aktivitetsutvikling skal ta omsyn til natur- og kulturlandskap • miljøoppfølgingsprogram • lokalisering • estetikk • energiutfordringar • avfallsplan • Strategiar • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Tiltak – reg. samarbeidspartnarar • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  25. Strategiar – miljø, lokalisering og utforming: a. Følgje opp statlege forskrifter, krav og retningsliner ved planlegging, prosjektering, bygging, drift og rehabilitering av anlegg. b. Leggje til rette for miljøvenlege transportval. c.Auke kompetansen til anleggseigarar med omsyn til miljøriktig anleggsutvikling/drift • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Utarbeide sjekkliste for kommunal- og fylkeskommunal sakshandsaming med omsyn til planar. • Utarbeide rutinebok for miljøkrav ut frå ”Forskrifter og bestemmelser” (V-0732). • Synfare anlegg for idrett og friluftsliv for å sjå at dei oppfyller miljøkrav. • Synleggjere gode døme på miljøriktige og framtidsretta anlegg. • Skipe til kurs i drift og vedlikehald av idrettsanlegg. • Tiltak – regionale samarbeidspartnarar: • Karleggje behov for miljøkort på kollektiv transport for medlem i idretts- og friluftslivs-organisasjonar. • Utvikle haldningskampanjar for å skape trygge vegar til og frå idretts- og friluftslivsaktivitetar. • Råd til kommunane: • Sjå til at rikspolitiske retningsliner vert følgt ved lokalisering, bygging og drift av anlegg til idrett og friluftsliv. • Ved godkjenning av anlegg for idrett og friluftsliv, sikre at miljøkrav er oppfylt. • Vere med på nettverksamlingar knytt til drift og vedlikehald av idretts- og friluftslivsanlegg. Aktiv kvar dag

  26. Satsingsområde3.1 Fysisk aktivitet – Partnarskap for folkehelse Mål: 1. Inngå forpliktande partnarskap for folkehelse med kommunar og frivillige organisasjonar. 2. Gjere dei aktive vala enkle. 3. Få dei inaktive aktive. Særskild tilrettelegging for personar innan psykisk helsevern, utviklingshemma og eldre. • aktivitetsvanar • partnarskap for folkehelse • folkehelsemodellar • tilpassa fysisk aktivitet • lågterskeltilbod • samarbeid lokalt og regionalt • satsingar (grupper) • aktiv skulekvardag • Strategiar • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Tiltak – reg. samarbeidspartnarar • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  27. Strategiar for fysisk aktivitet og folkehelse a. I kommunal planlegging skal det leggjast til rette for anlegg, areal og infrastruktur som gjer det lettare å vere i fysisk aktivitet. b. Arbeide i partnarskap med kommunar, frivillige lag og organisasjonar for å gje eit regelbunde aktivitetstilbod til personar innan psykisk helsevern, utviklingshemma og eldre. c. Skape møteplassar for kompetanseutvikling, nettverksbygging og motivasjon. d. Overføre regionale aktivitetstiltak til partnarskapskommunane og regionale samarbeidspartnarar. e. Fleire opne idrettsanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet f. Leggje til rette for lågterskelaktivitetar. g. Leggje til rette for minst ein time fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule. h. Fleire gang- og sykkelvegar. Aktiv kvar dag

  28. Tiltak – Hordaland fylkeskommune • a. Inngå partnarskapsavtalar alle kommunar og frivillige regionale organisasjonar. • b. Bruke nasjonale, regionale og lokale planar som verkty for å fremje tverrsektoriell • samhandling • c. Følgje opp tiltak i handlingsprogram for folkehelse • - opne idrettsanlegg • - tilrettelagte aktivitetar for personar innan psykisk helsevern, utviklingshemma og • godt vaksne • - treningskontaktarbeid • d. Utvikle modell for overføring av regionale aktivitetsarrangement til kommunar og • frivillige organisasjonar. • e. Utvikle ein verkty for å skape ein meir ”aktiv kvar dag” for elevar og lærarar i den • vidaregåande skulen. • f. Spreie informasjon om gode modellar og tiltak for lågterskelaktivitet til kommunar, • frivillige organisasjonar og institusjonar. • g. Stimulere til meir fysisk aktivitet inn i den kommunale plan for psykisk helsevern. • h. Inkludere personar med fleirkulturell bakgrunn i eksisterande aktivitetstilbod. • i. Bruke meir av fylkeskommunale midlar til gang- og sykkelvegar i folk sitt nærmiljø. • j. Haldningskampanje; trygg veg til og frå trenings- og friluftslivsaktivitet. Aktiv kvar dag

  29. Tiltak – regionale samarbeidspartnarar a. Inngå partnarskap for folkehelse regionalt og lokalt. b. Vere med i fylkeskommunen sine kompetansegrupper. c. Inkludere nye grupper i den organiserte aktiviteten. d. Auke kompetansen til personar som arbeider i grunn- og vidaregåande skule med tilrettelegging av fysisk aktivitet. Råd til kommunane • Utvikle avtale om partnarskap for folkehelse med fylkeskommunen. b. Utarbeide konkrete tiltak for fysisk aktivitet i den kommunale planlegginga i samarbeid med lokale idretts- og friluftsorganisasjonar. c. Utvikle eksisterande og etablere nye aktivitetstiltak for å skape ein meir ”aktiv kvar dag” for personar med særskilde behov. d. Gratis bruk av kommunale hallar for personar under 19 år. e. Tilby opne idrettsanlegg for barn og ungdom. f. Elevane i grunnskulen bør ha minst ein time fysisk aktivitet per dag. g. I overordna planlegging og i reguleringsplanar skal det leggjast til rette for anlegg, areal og infrastruktur som gjer det lettare å vere i fysisk aktivitet. h. Leggje til rette for sykkelparkering slik at sykling til og frå aktivitetar (skule og jobb) vert ein naturleg del av kvardagen. Aktiv kvar dag

  30. Satsingsområde3.2 Fysisk aktivitet – Idrett Mål: 1. Barn, ungdom og personar med særskilde behov skal få eit allsidig aktivitetstilbod i idretten i Hordaland. 2. Vidareutvikle Idrettens hus som regionalt kompetansesenter for idrett. 3. Leggje til rette for at unge lovande idrettsutøvarar får utvikle seg i lokalmiljø/regionen. • viktig i lokalmiljøa • frivillig arbeid i idrettslaga • open og inkluderande • idrettsråd • Idrettens hus • OLT-Vest • konkurranseidrett • stipend • Strategiar • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Tiltak – idretten i Hordaland • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  31. Strategiar i arbeidet med idretten i Hordaland a. Stadfeste idrettens hus som regionalt kompetanseeining for tilrettelegging av organisert idrett. b. Styrkje idretten som tilbydar av fysisk aktivitet for barn, unge og personar med funksjonshemmingar. c. Styrkje samhandlinga lokalt for ei heilskapleg utvikling av anlegg og aktivitet. d. Legge til rette for at unge lovande idrettsutøvarar får utvikle seg i lokalmiljøa/regionen. Tiltak – Hordaland fylkeskommune a. Bruke idretten i Hordaland som samarbeidspart med omsyn til aktivitetsutvikling lokalt og regionalt. b. Samhandling med kommunar og idretten knytt til planlegging og gjennomføring ulike kompetansehevande tiltak t.d. fylkeskonferansen og dialogkonferansen. c. Fem stipend til unge lovande idrettsutøvarar, trenarar, leiarar og dommarar. Aktiv kvar dag

  32. Tiltak – idretten i Hordaland • a. Planleggje og gjennomføre arrangement og aktivitetar for særskilde grupper. • b. Vidareutvikle Treningskontakt-arbeidet i Hordaland. • c. Følgje opp/heve kompetansen til idrettsråd og idrettslag i kommunar utan idrettsråd • d. Auke kompetansen til trenarar, leiarar og tillitsvalde i organisasjonen. • e. Bruke idretten i Hordaland som partnar i arbeidet med ein time fysisk aktivitet i grunnskule/SFO og vidaregåande skule. • f. OLT Vest-Norge skal gje eit heilskapleg treningstilbod til unge lovande utøvarar og drive kompetansehevande tilbod til trenarar lokalt/regionalt. • g. OLT Vest-Norge skal spreie basistrening til fleire kommunar og bidra til å vidareutvikle det idrettsfaglege tilbodet i vidaregåande skulen. Råd til kommunane a. Gratis bruk av kommunale idrettsanlegg for barn og unge under 19 år. b. Involvere idrettsråd/lag i utarbeiding av kommunale planar. c. Utvikle modellar for fysisk aktivitet i skulen/SFO saman med idretten Aktiv kvar dag

  33. Satsingsområde3.3 Fysisk aktivitet – Friluftsliv Mål: 1. Sikre grunnlaget for allemannsretten og legge til rette for det enkle friluftslivet. 2. Sikre og oppgradere fleire og betre anlegg for friluftsliv. 3. Barn, ungdom og personar med særskilde behov skal få eit allsidig aktivitetstilbod i friluftslivsorganisasjonane i Hordaland. • nasjonale mål • folkeaktivitet • variert friluftsliv • heilskap i fril.verdiane • sikring av friluftsområde • interkommunale friluftsråd • spennvidde i akt. tilbodet • friluftsliv og partnarskap • fri.liv i kommunale planar • friluftslova/allemannsretten • Vestkystparken • Friluftslivets hus • Strategiar • Tiltak – Hordaland fylkeskommune • Tiltak – friluftslivsorganisasjonane • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  34. Strategiar i arbeidet med friluftsliv i Hordaland a. Halde fram med planmessig arbeid med sikring av friluftsområde lokalt og regionalt. b. Gjere friluftslivsområda allment tilgjengeleg. c. Vidareutvikle Friluftslivets hus som regional informasjon- og kompetansesenter for miljø-, natur- og friluftsliv. d. Styrkje friluftslivet som tilbydar av fysisk aktivitet for barn, unge og personar med funksjonshemmingar. Tiltak – Hordaland fylkeskommune a. Bruke friluftslivsorganisasjonane i Hordaland som samarbeidspartnar med omsyn til aktivitetsutvikling lokalt og regionalt. b. Skape møteplassar for å auke kompetansen til frivillige organisasjonar og kommunar i Hordaland c. Utvikle minst eitt universelt utforma friluftsområde i kvar region. d. Prioritere lokale friluftslivstiltak der funksjonshemma er målgruppe. e. Lage oppdatert oversikt over sikringsbehov i Hordaland. f. Følgje opp prosjektet ”Registrering og verdsetting av regionale friluftsområde”. Aktiv kvar dag

  35. Tiltak - Friluftsorganisasjonane a. Bruke friluftslivsorganisasjonane i Hordaland som partnar i arbeidet med ein time fysisk aktivitet i grunnskule/SFO og vidaregåande skule. b. Arbeide aktivt for at fleire friluftsanlegg vert prioritert i kommunale planar, og vere formell høyringspart i tildelinga av spelemidlar lokalt og regionalt. c. Samlokalisering av miljøvern-, naturvern- og friluftslivs-organisasjonar i Friluftslivets hus. d. Vere med og lage oppdatert oversikt over sikringsbehov i Hordaland. e. Utvikle tilbodet om friluftslivaktivitetar i grunnskulen/SFO og den vidaregåande skulen. f. Utvikle kart og informasjonsmateriell. g. Skilting, merking av stiar, rydding og vedlikehald av dagsturhytter, bruer og stiar. h. Gje råd om aktivitets- og anleggsutvikling til kommunar og andre organisasjonar i fylket. i. Vidareutvikle aktivitetstilbodet for å nå nye målgrupper. Råd til kommunane a. Sikre strandsona og større samanhengjande friluftsområde i planar, ved oppkjøp og gjennom avtaler med grunneigarar. b. Sikre lokale friluftsområde ved fastsetjing av endelege byfjellsgrenser/markagrenser i pressområda. c. Sikre grøne korridorar mot dei større friluftsområda, trygge turvegar i nærmiljøet, ved skular, barnehagar, i bustadområda og i tettstadar. d. Leggje til rette for parkeringsplassar ved innfallsportar til dei større, viktige friluftsområda. e. Kontroll og oppfølging av ulovlege tiltak som hindrar allmenn ferdsel Aktiv kvar dag

  36. Satsingsområde3.4 Anlegg for fysisk aktivitet Mål: 1. Anlegg for idrett og friluftsliv skal vere tilgjengeleg for folk i deira nærmiljø. 2. Redusere etterslepet i det statlege tilskotet til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. 3. Bidra til ein føremålsteneleg drift og vedlikehald av idretts- og friluftslivsanlegg. • variert og aktivitetsskapande • lokale behov • universell utforming • statlege spelemidlar • friluftslivsanlegg • kulturminne • (spesielle anlegg) • fylkeskommunalt inv.tilskot • modellar for drift og vedlikehald • samarbeid • regionale planar • utfordringar i Bergen • utfordringar i • andre kommunar • Strategiar • Tiltak – Hordaland • fylkeskommune • Råd til kommunane Aktiv kvar dag

  37. Strategiar i utviklinga av anlegg for fysisk aktivitet a. I planperioden er det nokre anlegg som vert vurdert særskild med omsyn til tildeling av spelemidlane. b. Stimulere til interkommunal samhandling når det gjeld bygging, drift og vedlikehald av idrettsanlegg. c. Støtte bygging og utvikling av idretts- og friluftslivsanlegg av regional verdi. d. Tilskot til friluftslivsanlegg vert prioritert i planperioden. e. Kommunar som har utfordringar med stort etterslep frå spelemidlane til ordinære anlegg og folketalsutvikling skal prioriterast i planperioden. f. Nye trendar i aktivitetsutviklinga skal vere med på å styre anleggsutviklinga i Hordaland. g. Idretts- og friluftslivsanlegg bør lokaliserast i knyting til barnehage, skule og bustader. h. Offentlege idretts- og friluftslivsanlegg finansiert av statlege spelemidlar bør vere gratis for barn og ungdom (opp til 19 år). i. Anlegg med høg bruksnytte skal prioriterast. j. Nærmiljøanlegg, spesielt retta mot aktivitet for jenter og inaktive, vert prioritert. k. Ved søknad om spelemidlar bør det i behovsoppgåva vere skildra kva for tiltak som er gjort med omsyn til universell utforming. l. Anlegg for idrett og friluftsliv som har særleg fokus på miljø, og/eller estetikk, skal prioriterast med omsyn til fylkeskommunale midlar og statlege spelemidlar. Aktiv kvar dag

  38. Tiltak – Hordaland fylkeskommune a. Auke kompetansen til kommunalt tilsette med omsyn til sakshandsaming av innkomne spelemiddelsøknader. b. Heve kompetansen til kommunalt tilsette med omsyn til drift og vedlikehald, miljø og estetikk. c. Bruke idretts- og friluftslivsorganisasjonane som høyringspart med omsyn til anleggsutvikling i Hordaland. d. Gjennomføre synfaringar av nye store idrettsanlegg for å sikre at dei er bygd ut frå den idrettsfunksjonelle førehandsgodkjenninga. e. Kartleggje gratis bruk av fylkeskommunale idrettsanlegg for barn og unge (under 19 år). f. Utvikle eitt universelt utforma friluftslivsanlegg i kvar region i Hordaland. Desse skal vere pilotar og retningsgivande for andre anlegg. Aktiv kvar dag

  39. Råd til kommunane a. Styrkje arbeidet med dei kommunale planane som grunnlag for anleggsutviklinga i kommunane og regionane. b. I anleggsutviklinga skal det tas omsyn til barn, unge og grupper med særlege behov for tilrettelegging. c. Fange opp nye trendar i aktivitetsutviklinga for å byggje idretts- og friluftslivsanlegg etter behov frå folk i fylket. d. Samlokalisering av anlegg og tilgjenge for eigenorganisert aktivitet. e. Anlegg med høg bruksnytte skal prioriterast. f. Rehabilitere eldre idrettsanlegg der det er føremålsteneleg g. Utarbeide kommunale vedlikehaldsmeldingar for idrettsanlegg for å få oversikt over årleg vedlikehaldsbehov og eventuelt vedlikehaldsetterslep. h. Alle nye anlegg som vert bygd, bør ha sykkelparkering. Aktiv kvar dag

  40. 4.0 Anleggsutvikling i Hordaland 4.1 Handlingsprogram 2008 – 2012 4.2 Langtidsprogram 2020 4.3 Anlegg med fylkeskomm. inv. tilskot 4.4 Anlegg – fylkeskommunal status Aktiv kvar dag

  41. Vegen vidare • 16. september: Politisk handsaming i kultur- og ressursutvalet (KURE) • 23. - 24. september: Politisk handsaming i fylkesutvalet • 14. - 15. oktober: Politisk handsaming i fylkestinget • Haust 2008: Godkjenning i miljøverndepartementet

  42. Aktiv kvar dag

  43. Planarbeid i kommunar og regionar Kommunale delplanar for fysisk aktivitet og anlegg For å sikre at prioritering av spelemidlar til kommunane vert gjort på best mogleg grunnlag, er kommunale delplanar for fysisk aktivitet og anlegg viktige. Behovsvurderinga er gjort i høve til samfunnsmessige og idretts- og friluftslivspolitiske mål. Alle kommunar i Hordaland har i dag slike planar. Anleggsmasse i kommunen må avspegle aktivitetsprofilen for å møte aktivitetsutfordringar i tida framover. Aktiv kvar dag

  44. Planarbeid i kommunar og regionar Regionale anleggsplanar for fysisk aktivitet og anlegg Målet for ”Plan for idrett, friluftsliv og kulturanlegg i Sunnhordland 2005-2009” er å bidra til eit samarbeid i regionen som gjev eit heilskapleg tilbod til innbyggjarar og tilreisande innan idrett, friluftsliv og kultur. Planen definerer status på eksisterande regionale anlegg og prioriterte anlegg i regionen fram mot 2009. Dette er ein plan som er styrande for utviklinga av (store) idretts- og friluftslivsanlegg i Sunnhordland, og er eit nyttig arbeidsverktøy for alle samarbeidskommunane. Hordaland fylkeskommune har von om at alle regionane i fylket skal ha ein slik plan. Aktiv kvar dag

  45. Aktiv kvar dag

More Related