30 likes | 140 Views
Månadsbrev - august. Denne månaden har me brukt tida på å verta kjende med kvarandre og barnehagen. Me har smaka på søte bringebær. Me har dansa og sunge. Ribbeveggen er populær !.
E N D
Månadsbrev - august Denne månaden har me brukt tida på å verta kjende med kvarandre og barnehagen. Me har smaka på søte bringebær Me har dansa og sunge Ribbeveggen er populær!
Mange av dykk har nok også fått med seg at det skjer endringar i innemiljøet vårt. Me lagar nye leikekrokar for barna, og dei har sjølve fått vore med på å seie noko om kva leikekrokar dei ynskjer sjølv. Utkledning og rolleleik er morosamt, og særleg dersom me kan få gjer det med ein morosam «vri». Me har også vald å fokusere på meir verdilaust materiale og naturmaterial, noko som styrkjer fantasien og utvidar bruksområda i leiken til barna. Perling og hyttebygging er også morosame aktivitetar i kvardagen.
Den magiske samlingsstunda kvar fredag har vorten eit populært innslag i vekene våre. Her har me blant anna fokus på sansing, oppleving og undring. I tillegg til dette, har me hatt stor fokus på å «klare sjølv». Dette inneber at barna får høve til god tid blant anna i garderoben og på badet. Me brukar også store delar av dagane våre ute, uansett vær. Det kan vera vanskeleg for barna å kle seg i overgangen frå sommar til haust, så dette er også noko me har jobba litt med. Men framleis er det lett for å hive av seg litt klede når sola skin og anledninga byr seg. Neste månad startar me opp med faste turdagar og barnas prosjektdag!