1 / 18

Adressering i Osterøy kommune

Osterøy kommune. Adressering i Osterøy kommune. Det er eit mål at alle bustader, fritidsbustader og verksemder i Osterøy kommune skal få tildelt offisiell adresse i løpet av 2015 – 2016. Osterøy kommune har omlag 150 vegar/

Download Presentation

Adressering i Osterøy kommune

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Osterøy kommune Adressering i Osterøy kommune Det er eit mål at alle bustader, fritidsbustader og verksemder i Osterøy kommune skal få tildelt offisiell adresse i løpet av 2015 – 2016. Osterøy kommune har omlag 150 vegar/ adresseparsellar som skal ha namn og omlag 4500 bygningar utan husnummer.

  2. Osterøy kommune StadfestingsobjektAdressa er stadfestingsobjekt og nøkkel til informasjon i private og offentlege registre og arkiv.Alle offisielle adresser skal stadfestast med koordinatar i godkjend geodetisk grunnlag. Det vert automatisk knytt til offisielle krinsar på staden når dei vert ført i matrikkelen. • Norsk Luftambulanse er den første helikopteroperatøren i Europa som har teke i bruk nettbrett

  3. Osterøy kommune Lovgrunnlag § § § § Lov om stadnamn (Stadnamnlova) § Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova) § Forskrift om eigedomsregistrering § Statens kartverk sin adresseveileder Matrikkelforskrifta § 49 «Adresser og skilt skal sørge for at alle på en lett og forståelig måte kan identifisere og finne fram til bygninger, atkomst til bygninger, boliger og andre objekter eller steder som det er viktig å finne fram til. Adressen skal også tjene som stedfestingsobjekt og nøkkel til aktuell informasjon i private og offentlige registre og arkiv. Føring av adresser i matrikkelen skal bidra til et felles adressesystem for hele landet.»

  4. Osterøy kommune Adresseringsarbeidet • Adresseparsellar • Adressenamn • Husnummer • Skilting

  5. Osterøy kommune Fylkesvegar

  6. Osterøy kommune Adresseparsellar Sidevegar til overordna veg bør vera eigen adresseparsell dersom sidevegen er: • Kortare enn 200 m og fører til minst 20 adresseeiningar • Lengre en 200 m og fører til minst 14 adresseeiningar • Lengre enn 500 m og fører til minst 7 adresseeiningar Vegadresse kan og knytast til stiar eller eit eintydig avgrensa område (td hyttefelt og øyer)

  7. Osterøy kommune Adresseparsellar Kvar adresseparsell får tildelt ein adressekode (vegkode) som vert knytt til eit adressenamn.

  8. Osterøy kommune Val av adressenamn Kommunen er adressemynde og vedtek namnet på vegen/adresseparsellen. Det er ikkje klageadgang på dette. Fastsetjing av sjølve skrivemåten av namnet skjer etter reglane i Lov om stadnamn og kan påklagast etter denne lova. Namnet skal følgje den lokale namneskikken, samstundes som namnet bør vere lett å skrive og oppfatte. Det skal ikkje vere to eller fleire like adressenamn i kommunen eller nabokommunane.

  9. Osterøy kommune Val av adressenamn Osterøy kommune ønskjer innspel til adressenamn frå innbyggjarane og oppfordrar alle til å kome med forslag. Bruk gjerne dialektord som brekke, haug, vik eller sti i staden for dei meir vanlege etterledda veg og gate. Slik held ein det tradisjonelle ordtilfanget i bruk. På heimesida til Osterøy er det via lista over vegkodar lenke til Nordhordlandskart som syner dei enkelte adresseparsellane. Frist til å koma med forslag 10.05.2014.

  10. Osterøy kommune Saksgang i saker om skrivemåten av adressenamn • Forslag til namn • Førebuing/handsaming • Til stadnamntenesta til fråsegn evt. for tilråding om skrivemåte (Stadnamntenesta har då to månaders frist til uttale • Handsaming • Komité for oppvekst, idrett og kultur (KOIK) • Kunngjering

  11. Osterøy kommune Tildeling av adressenummer Hus på høgre side får oddetal Hus på venstre side får partal Hus på sidevegar får oddetal eller partal etter kva side av vegen dei tek av.

  12. Osterøy kommune Avstandsprinsippet I spredt busetnad nyttast det som vert kalla avstandsprinsippet. Td 500 m innover ein veg vil gje adressenummer 50 på venstre side av vegen og 52 på høgre side av vegen

  13. Osterøy kommune Skilting • For å finna fram til bygningar, bustader og andre objekt eller stadar, er det viktig å synleggjere adressene ved å setje opp skilt for både adressenamn og adressenummer. • Skilt skal setjast opp så snart som mogeleg etter at skrivemåten til adressenamnet er vedteke. • God skilting vil auke verdien av det kommunale adressearbeidet.

  14. Osterøy kommune Plassering og oppsetting av adresseskiltRegionvegkontoret har ansvaret for riks- og fylkesvegar

  15. Osterøy kommune Plassering av og oppsetting av adresseskiltKommunen har ansvaret for skilting av vegar, stiar, område og plassar

  16. Osterøy kommune Plassering av og oppsetting av adresseskilt • Huseigar har ansvar forå skilte adresseeininga

  17. Osterøy kommune Informasjon og underretting • Kommunen sender ut brev om tildeling av adresse til grunneigar eventuell festar av eigendomen det gjeld.

  18. Osterøy kommune Klager over adressetilgang • Klagenemnda for stadnamnsaker er klageinnstans. Men klaga skal fyrst sendast kommunen for uttale • Det kan ikkje klagast over vedtak om val av namn • Klage over skrivemåten for namn vert regulert av stadnamnlova. • Klage over sjølve adressetildelinga er heimla i matrikkellova.

More Related