180 likes | 321 Views
NITO-Tekna-konferanse: ENERGI – miljø og industri Mogelegheiter ved eit sterkare sentralnett i Sogn og Fjordane. Tilrettelagt for publisering på internett. Førde 16. november 2007 Ole Schanke Eikum, konsernsjef i SFE Docs # 56323-v5. Sogn og Fjordane Energi AS. Symbol. SFE Nett AS.
E N D
NITO-Tekna-konferanse: ENERGI – miljø og industri Mogelegheiter ved eit sterkare sentralnett i Sogn og Fjordane. Tilrettelagt for publisering på internett Førde 16. november 2007 Ole Schanke Eikum, konsernsjef i SFE Docs # 56323-v5
Sogn og Fjordane Energi AS Symbol SFE Nett AS SFE Kraft AS Dotterselskap Tilknytt selskap SFE Produksjon AS SFE Naturgass AS (60%) Enivest AS (42%) Vestavind Kraft AS (14,28%) Vestnorsk Enøk AS (11,48%) SFE: Sentral rolle i utvikling av kraftnettet
Mogelegheiter ved eit sterkare sentralnett… Fornybar energi kan verte ei stor forretnings- moglegheit i Sogn og Fjordane, dersom… • Det vert konkurransedyktige og harmoniserte rammevilkår i ein europeisk marknad • Det vert transportnett mellom områda med produksjon og marknaden som vil betale for fornybar produksjon Globale investeringar innan grøn energi er venta å bli 4 gonger større enn investeringane i olje og gass-sektoren. Grøne fond viser størst lønsemd. Sverre Gotaas leiar av Energi 21 Mange klimatiltak krev sterkare nett… Jan Bråten Spesialrådgjevar, Statnett
Status: Dagens sentralnett i Sogn og Fjordane • Sentralnettet har relativt sterke punkt i sør og i nord. • Nord for Sognefjorden er sentralnettet frå tidleg 1960-tal og med beskjeden overføringsevne.
Status: Dagens forbruk og produksjon i fylket Sogn og Fjordane har i dag eit stort kraftoverskot: • Samla produksjon: 3 721 MW 13,6 TWh (av dette indre Sogn 3.000MW) • Samla forbruk 950 MW 7,1 TWh (ca ¾ av forbruk til KKI) • Balanse + 2 770 MW + 6,5 TWh (nok til 325.000 husstandar) Store delar av overskotet er i indre Sogn. Indre Sogn har relativt sterkt nett mot austlandet, og overskotet vert i stor grad ført sørover. (Kjelde: NVE, Regional KSU Sogn og Fjordane)
MW Fardal - Haugen 1 800 1 600 1 400 1 200 1 000 800 600 400 200 - I drift 2006 Lav 2010 Høg 2010 / Lav 2020 Middel 2020 Høg 2020 204 359 505 652 799 Småkraftverk Fardal - Haugen 593 695 719 765 781 Større kraftverk Fardal - Haugen Utviklingstrekk: Vasskraftproduksjon • Scenaria for ny vasskraftproduksjon i fylket er basert på kartlagde konkrete planar med eit omfang på ca. 1200MW / 4,1TWh • Mengda som alt har fått eller søkt konsesjon utgjer ca. 420MW / 1,2 TWh • Om lag 2/3 av denne nye vasskraftproduksjonen ventar vi vil komme i området nord for Sognefjorden: • Det er småkraftverk som utgjer det dominerande vekstpotensialet. • Området har i dag eit sentralnett med avgrensa nettkapasitet.
Sterkare sentralnett – høve til lokal verdiskaping Samla vasskraftpotensiale i Sogn og Fjordane: • Prosjekt med utbyggingskostnad mindre enn 3 kr/kWh: • Prosjekt med utbyggingskostnad mellom 3 kr/kWh og 5 kr/kWh:
Utviklingstrekk: Vindkraftproduksjon • I området nord for Sognefjorden er det konsesjonssøkt eller meldt planar for ca. 440MW vindkraft. • Vi kjenner til planar og potensielle prosjekt for ca. 920MW vindkraft på land. • Offshore vindpark Stadt? (1080 MW)
Sterkare sentralnett – høve til lokal verdiskaping Utbyggingspotensiale åleine i Vestavind Kraft – regi:
Utviklingstrekk: Auka produksjon set krav til overføring • Hovudtrekk fram mot 2020: • Forbruket er venta å vere relativt konstant • Vasskraftproduksjon særleg frå små kraftverk er venta å auke ”eksplosivt” • Ved dei rette rammevilkår og politisk vilje er det stort potensiale for vindkraftinnmating i fylket. • I sum vil overføringsbehovet i kraftsystemet auke svært mykje i alle scenarier. • Dagens kraftnett har berre kapasitet til å ta imot ein brøkdel av den krafta som er ønskt innmata i nettet.
Utviklingstrekk: Større utfordring for forsyningstryggleiken • År om anna oppstår det såkalla tørrår sjølv på Vestlandet - området nord for Sognefjorden har i fleire høve vore på grensa til rasjonering dei siste 10 åra. Sentralnettet i fylket har avgrensa overføringsevne til å sikre nok elektrisk kraft inn til området i tørrår, i dei tilfella det ikkje er nok vatn i magasina. Rasjoneringsspøkelset kan etter vår meining ikkje få vere ein del av eit moderne Noreg. • Den ”politisk korrekte” kraftproduksjonen løyser ikkje dette: • Småkraftverk er nesten utelukkande elvekraftverk, og har ubetydeleg med tilsig i kuldeperiodar. • Vindkraft kan yte eit viktig energibidrag året sett under eit, men sjølv på vestlandet er det av og til vindstille.
Utviklingstrekk: Avgrensa høve til vidare industrietablering • Dagens sentralnett har berre kapasitet til eitt av desse større industriprosjekta i Fjordane: • Lutelandet • Elektrifisering av Gjøa • Ilandføring av Peon • Elkem Solar • Engebøfjellet i Naustdal • Etc.
Alternativ nettløysing: Nett på 132kV nivå? • Ei tenkeleg nettløysing kan vere tre parallelle linjer nordover i fylket: • Kan handtere middels 2020-scenarie vasskraft men med svært høge overføringstap og anstrengte driftstilhøve. • Løysinga har ikkje kapasitet til vidare vasskraft- eller vindkraft-utbygging. • Trong for ytterligare kapasitetsauke vil krevje enno fleire parallelle linjer. (Om det er mogleg å finne trase) • Løysinga vil gje stor netto tilvekst i nett-omfang. Vi kan ikkje tilrå ei slik utvikling.
Nettløysing : 420 kV linja Fardal - Ørskog • Ei 420kV linje mellom overskotsområdet Indre Sogn og underskotsområdet Midt-Noreg. • Vil løyse flaskehalsproblema internt i Sogn og Fjordane. • Avhengig av val av transformeringspunkt vil løysinga kunne gje vesentlege saneringsmoglegheiter i sentral og regionalnettet. • Løysing med sjøkabel rundt fylket vil ikkje løyse nokon av våre lokale nettproblem • Vesentlege innslag av jordkabel er etter vårt syn eit vel så stort naturinngrep som luftline. • Det store vindkraftpotensialet langs kysten talar for den vestlegaste traséen.
Oppsummering:Mogelegheiter ved eit sterkare sentralnett For industriutvikling i Sogn og Fjordane: • Sterkare sentralnett vil styrke forsyningstryggleiken og betre rammevilkåra for dagens industri og næringsliv i Sogn og Fjordane, og auke sjansen for at fylket får behalde den industri vi har. • Sterkare sentralnett mogleggjer og legg til rette for ny næringsutvikling og industrietablering i Sogn og Fjordane. • Sterkare sentralnett er heil naudsynt om det skal vere mogleg å elektrifisere meir av oljeinstallasjonane enn Gjøa frå Sogn og Fjordane.
Oppsummering:Mogelegheiter ved eit sterkare sentralnett For lokal verdiskaping i Sogn og Fjordane: • Noreg har trong for meir effekt og energi, og ved sterkare sentralnett kan og større vasskraftprosjekt gjennomførast om det er politisk ønskje om dette. • Sterkare sentralnett vil mogleggjere ei utbygging av småkraftverk i fylket, og såleis tilføre store verdiar til bygdene. • Sterkare sentralnett vil mogleggjere innmating av betydelege mengder vindkraft i fylket.
Oppsummering:Mogelegheiter ved eit sterkare sentralnett For det globale klimaet: • Sterkare sentralnett kombinert med utbygging av fornybar energi i fylket og elektrifisering av oljeinstallasjonane er gode klimatiltak som monner. • Sterkare sentralnett er naudsynt for offshore vindkraft • Sterkare sentralnett gjev høve til å sannering regionalnettet Kjelde: Vestavind Kraft AS)
Konklusjon 420kV-linja Fardal – Ørskog løyser ikkje berre kraftforsyninga til Midt-Noreg: Den er naudsynt for at S&Fj skal få ein infrastruktur som gjev tilfredstillande forsyningstryggleik, gje rom for utvikling av framtidsfylket og bidra til klimatiltak